Swix Cera Nova X – Største glidsatsing sidan 1994

av rejlers • 04.12.2014

I over tre år har Swix testa og utvikla sine nye produkt over heile verda. Denne vinteren skal du ifølgje dei både gli fortare og få ein enklare jobb i smøreboden.

I 2011 gjekk startskotet for Swix si største glidsatsing nokosinne. Serien Cera Nova, som inneheld kjente glidvoksar som HF7 og LF6 har vore på marknaden sidan 1994, skulle fornyast og ikkje minst forbetrast.

Ein omfattande testprosess blei starta og etter tre vintersesongar med utvikling og testar i 15 forskjellige land er resultatet klart.

– Me har no ein meir komplett og endå betre serie på både glider og pulver, fortel racingsjef i Swix, Henrik Johnsen.

Skal vere lettare å leggje
Han står i smøreboden på Beitostølen og snakkar om Cera Nova X, som er namnet på den nye serien av produkt som skal gje skiløparar over heile verda betre glid.

Fleire av løparane har allereie testa serien i både verdscupen og OL førre sesong. Under den nasjonale opninga på Beitostølen var det også utøvarar som har voks med nye tal og fargekombinasjonar under skia.

For når du skal glide skia dine i vinter er det no endå fleire alternativ å velje mellom.

– I den nye serien er det 18 nye voksar og to nye pulver. For eksempel er CF/LF/HF 5 ny. Tidlegare var det eit litt for stort sprang mellom 4 og 6, og me har difor fått inn 5 som skal vere lettare å leggje på for vanlege folk, fylgjer sponsorsjef Bjørnar Myhren opp.

Brukarvenlegheit er nemleg eitt av dei viktigaste punkta når selskapet skal utvikle nye produkt.

– Det fyrste me tenkjer på under utviklinga av produkta er sjølvsagt at dei skal gli bra, men det andre er at dei skal vere lette å bruke, held Myhren fram.

– Men kva er det den vanlege mosjonisten kjem til å merke som den største forskjellen med den nye serien?

– Nyansane er større eller mindre på ulike voksar, men generelt er det ei heving av produkta. Den største forskjellen er at ein kan bruke hardare voksar på mildare føre enn det ein gjorde før. Det ligg ein del forskjellar på kor harde dei milde voksane er, fortel Myhren.

Dei to kan fortelje om ein omfattande testprosess dei siste åra. Spesielt viktig har det vore å teste på forskjellige snøtypar i forskjellige land og kontinent.

– Produkta skal ikkje berre fungere i Noreg men i alle land der folk går og står på ski. Snøtypane kan variere veldig frå land til land. Det er ikkje sikkert at det som fungerer her i landet fungerer like godt i Japan, sjølv om det også kan gjere det.

– Det er vanskeleg å forklare kvifor, men det kan for eksempel ha med forureining i snøen og nærleik til byar, fortel Henrik Johnsen.

Les videre nedenfor bildet
beito-14-02-f-borg.jpg
Bjørnar Myhren, til venstre, og Henrik Johnsen viser frem et knippe av produktene i serien Swix Cera Nova X. Foto: Erik Borg.

Gode tilbakemeldingar
Ambisjonen deira var uansett heilt klar då dei byrja arbeidet. Skiløparar over heile verda skulle føle at dei glei fortare.

– Me skulle utfordre alle voksane i Cera Nova systemet. Det har me gjort og me har funne mange produkt som er betre. Men det er ikkje alltid me har klart å finne betre og dei har heller ikkje blitt fornya. Dei var såpass bra frå før at me ikkje klarte å forbetre dei, konstaterer racingsjefen.

Han fortel at løparar frå fleire nasjonar har vore med på testinga undervegs og gjeve gode tilbakemeldingar. – Det viser at dei fungerer, slår Johnsen fast.

No er det ikkje berre toppløparane som har sjansen til forhåpentlegvis å gli endå litt fortare. Den nye serien Cera Nova X frå Swix er ute i butikkane no.

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

FlerE artikler

  • Parkerte konkurrentene på oppløpet, Johaug utenfor pallen

    Damenes 20-kilometer i Ruka endte med et forrykende fireveisoppgjør om pallen, der Therese Johaug endte utenfor.
    av Ingeborg Scheve
    01.12.2024
  • Skiskyttergutta med ny norsk storeslem

    av Ingeborg Scheve
    01.12.2024
  • Herlig respektløs!

    av Ingeborg Scheve
    01.12.2024
  • Trippel norsk i Ruka

    av Ingeborg Scheve
    01.12.2024
  • Klæbo står over fellesstarten i Ruka

    av Langrenn.com
    01.12.2024