Tenk skiteknikk kvar dag
– Alle spesifikke økter er teknikkøkter, særleg alle intensive økter, men også dei rolege, fastslår Audun Svartdal.
Eit av kjenneteikna på effektiv langrennsteknikk er at all kraft går gjennom kroppen slik at fråspark, fråskuv og stavtak gjev optimal framdrift, dette i kombinasjonen mellom arbeidsveg, sykluslengde og frekvens.
– Dette gjeld både i utkvilt tilstand og når løparen er sliten og utsett for stress og press, som til dømes i avslutningsfasen i fellesstart, fortel teknikktrenar Audun Svartdal.
Dramatisk endring av arbeidskrav
– Sjølv om langrenn i tidlegare tider stilte like store krav til høg fysisk kapasitet og maksimalt oksygenopptak som no, vil eg påstå at dei beste langrennsløparane i dag er betre gjennomtrent enn det tidlegare generasjonar var.
Arbeidskrava i langrenn har endra seg dramatisk.
– Dei som går fortast på ski internasjonalt, i sprint, i distanserenn eller i langløp, er dei som er best trent, seier Svartdal.
I idrett på høgt nivå er det alltid ein fordel å ha trent allsidig i ung alder, samtidig som ein har trent spesifikt i ung nok alder til at ein har tileigna seg ein naturleg bevegelsesmåte, i sin idrett.
Tren allsidig
– Eit allsidig grunnlag kan ein utvikle ved å trene på og delta i fleire idrettar som stiller ulike krav til motorikk, balanse og teknikk. Artig er det også, og kanskje det gjer at ein held på lengre med den idretten ein vel til slutt?
– I ein heilt vanleg gymsal ligg alt til rette for god grunntrening retta mot å utvikle langrennsteknikk. Ved å bruke utstyr som medisinball, bosuball, bom, benk for å nemne nokon, kan man utfordre motorikk og balanse.
– Ulike øvingar på to eller eitt bein, i ulike retningar, med stødig landing eller hopp i serie. Tenk ski, prøv å etterlikne posisjonane på ski, ta gjerne med armane som på ski.
– Slike øvingar krev både balanse og styrke i beina og i kjernemuskulaturen, men også i stor grad konsentrasjon. Kvaliteten i gjennomføringa er minst like avgjerande for framgang og utvikling som volumet, forklarar Audun ivrig.
Les videre nedenfor bildet
Illustrasjonsfoto: Felgenhauer/NordicFocus.
Tenk skiteknikk kvar dag
Grunntrening inne har best verdi når ein greier å overføre bevegelsesmønsteret til teknikken ute på rulleski og ski.
– På nytt er konsentrasjonen og bevissthetsnivået avgjerande. Alle spesifikke økter er teknikkøkter, særleg alle intensive økter, men også dei rolege.
– Dess fleire andre utøvarar du trenar saman med, dess viktigare er konsentrasjonsevna. Å ha det hyggeleg og sosialt på trening er vel og bra, men å gå i flokk og prate er neppe ideelt dersom ein har som mål å utvikle skiteknikken, avsluttar tenikkeksperten.